Ombord på Ullaholm

1989 - 2008

 

Starten

Historia mi om bord på M/S Ullaholm starta veldig tidlig, faktisk så tidleg at eg ikkje sjølv var klar over det! Mange tilfeldigheiter, førte til eit engasjement og initiativ til å bruke mykje tid og krefter om bord på Ullaholm.

Far min var med i Ulstein og Hareid Dykkerklubb, og dette er bakgrunnen for mi tidlige interesse for skuta.

Sommaren 1988 var Ulstein Seilforening på jolletreff på seilerhytta til Ålesund seilforrening på Gåsholmen. Vi reiste med båten ”Masko” som dykkerklubben disponerte frå Sjøheimevernet på den tida. Dette er den skuta som no heiter ”Rundø” og ligg på Garnes, og som Rune Garden har restaurert. Under dette jolletreffet var vi på sightseeing med gummibåten inn i Langevågsholmane, og på same tidspunkt stod Ullaholm på land på Fyllingen slipp. Dykkerklubben var på utkikk etter ei skute som kunne brukast til dykkerturar, og dei fleste var vel einige i at ”Masko” ikkje var noko å satse på. Denne båten tok blant anna pumpelukt opp til eit nytt nivå, maskineriet var ikkje i aller beste stand, og generelt var båten moden for ei ganske stor renovering.

Då vi såg den flotte skuta som stod på slippen på Fyllingen, vart det uttalt av gjengen i gummibåten, at ”.. ei slik skute skulle vi hatt”.

Året etter fekk ein av medlemmane i dykkerklubben, nyss i at nettop Ullaholm skulle kondemnerast. Gjennom ei ordning frå fiskeridepartementet for å modernisere fiskeflåten, vert det gjeve tilskot til redarar som vil ta fartøy ut av fiskeri. Desse båtane skal opphøggast, senkast, eller brukast til andre oppgåver. Det vart sett i verk stor lobby virksomheit for å få teke over båten. Reglane den gongen var veldig strenge på området med å overta strukturerte fiskefartøy. Fartøyet måtte bli erklert verneverdig, og det måtte vere eit museum som overtok båten for vern for framtida.

Denne prosessen kjenner eg ikkje i detalj, noko som kanskje har samanheng med at eg var 12 år på den tida, men båten blei erklært verneverdig av riksantikvaren, som ein av dei siste småtrålarane i sitt slag, og ei av dei få svenskeskøytene som var igjen i Norge.

Ishavsmuseet Aarvak, vart juridisk eigar, og Ulstein og Hareid Dykkerklubb vart drivar av skuta.

 

Overtakinga i 1989

På hausten 1989 reiste vi nordover til Haramsøya for å besigtige skuta å forhandle med gamleredarane. Det var med stor sikkerheit at båten skulle vere med heim, og derfor gjekk vi oppover med taubåten til Harald P Saunes ”Pors”. Gjengen frå dykkerklubben som var med var, Jan Einar Saunes, Kjell Barstad, Otto Warpe, Bjørn Hagenes og Sigbjørn Kjøllesdal, samt underteikna som fekk vere med farsin på turen!

Eg kan huske Hans og Magnus Tomren, som ba gjengen inn i byssa, pyroen brann på full gass, og forhandlingane gjekk varme for å sei de slik! Etter kvart som forhandlingane vart hardare og hardare, vrei Tomren brørne på pyrobyssa!

Det sto om kva som skulle betalast for utstyret som var om bord, og som ikkje fiskeridirektoratet betalte ut ved kondemneringa. Reglane seier at skroget, og blokka av hovudmaskina skal vere med i kondemneringa. Dei heitaste diskusjonane stod om dei dyre blokkene på bomsvingarane, hjelpemotoren, og trålvinsja, radar og dekkanavigatorar. Dei som hadde dreve båten med nøysemd i 40 år, hadde sjølvsagt eit nært fohold til alt om bord, og hadde følt kostnadane med innkjøpa på kroppen. Det blei gjort avtale om å betale kr 175.000,-   og då var ikkje trålvinsja, radaren og hjelpemotoren med.

No hadde det seg slik at utstyret som gamle redaren skulle ta på land, aldri vart henta. Trålvinsja havna i fyllinga på Stranda Mek, og hjelpemotoren, ein 22 hk Sabb,  stod om bord til langt ut på 2000 talet før den blei sett i land, og auksjonert vekk til Atle Strandabø for 2000 kr på standen til Ullaholm Båtklubb, Ulsteindagane 2007 (Meir om Ullaholm Båtklubb seinare). Radaren vart levert inn på Furuno i Ålesund for salg, men der gjorde nokre smarte karar frå dykkerklubben ein avtale om å få leige den på ti års kontrakt for kr 1,- pr år.

Når båten kom til Ulsteinvik, vart det gjort nokre ombyggingar for å gjere båten eigna til dykkerbruk. Varpsnelda på baugen vart fjerna, trålvinsja vart sett i land, og bingefjølene på dekk vart fjerna. Lasterommet forblei inntakt i mange år pga. krav frå riksantikvaren.

 

Drifta første tida

Båten vart finansiert gjennom eit lån i Sparebanken møre. Betalinga av dette skjedde gjennom turar med passasjerar. Båten fekk passasjersertifikat for 30 passasjerar og det vart kjøyrd utallige turar med dykkarar, bryllup, tyske turistar, sjøheimevernet etc. Allereide etter første driftsår var båten nedbetalt! Kjell Barstad, Jan Einar Saunes og Otto Warpe var dei som hadde papir, og var skipper om bord på det meste av desse turane.

 

17. mai 1993 sette Ullaholm kursen mot Shetland, på dykketur. Dette er vel den største turen dykkerklubben hadde med båten. Overfarta skjedde i strålande ver..Eg har vorte fortalt nokre historier frå denne turen, mellom anna då dei kom til Lerwick og hadde problemer med dynamoen på hovudmaskina, og dei fekk ringt til ein service mann som skulle kome om bord. Då karane kom om bord etter ein tur på byen, låg maskina å gjekk, og ingen heilt forstod kva dette var for noko. Det viste seg at service mannen kjende båten betre enn dei fleste, og visste til å med kvar nøkkelen brukte å ligge, opppå dørkarmen på toalettet. Han hadde vore ombord på Ullaholm monge gonga opp gjennom åra når båten var i fiskeri!

Turen heim vart utsett ein dag pga dårleg ver, men laurdag 24 mai gjekk Ullaholm heim med storm i ryggen, denne turen gjekk også etter forholda bra, utanom då peilerøret på byssa vart knekt, og fylte toalettet med diesel, samtidig som kjøleskapet opna seg og alt innhald for utover golvet i ein sjø!

 

Andre historier som har vorte fortalde er då Jan Einar Saunes hadde båten på tokt med sjøheimevernet. Skyggesidene var vel kvar morgon når toalettet gjekk tett, på grunn av klaffen som hengte seg opp. Kaptein Saunes måtte då stå på  spyleslangen og prøve å spyle opp toalettet. Men den store solskinshistoria er då Ullaholm, overumpla heile forsvaret og gjekk i bakhalds angrep på styrkane som vokta Herøybrua! Jan Einar har nok sett eindel krigsfilmar i si tid, for han beordra halve mannskapet vart sendt gjennom straumane bak lanternen marina i gummibåten, mens Ullaholm gjekk gjennom røyrasundet for å avlede vaktposten på herøybrua. Mens dei var opptekne med Ullaholm, kom karane i gummibåten å angreip dei bakfrå! Brua var teken tilbake, til heimevernet si store begeistring!

 

Ullaholm var også aktivt med i arrangeringa av Dykkerpåske i Ulsteinvik i regi av Ulstein Hotell. Om ein gjer ei bilde søk på internett finn ein mange flotte bilder som deltakarar på desse dykkerpåskene har teke.  Ullaholm var også med då dykkarar fann sjølvaste skipsklokka på fregatten ”Konsul Carl Fisser” som ligg i Valderøy fjorden!

I forbindelse med dykkerpåska 1991, vart det laga reportasje om bord i Ullaholm av ”Norge Rundt”, alle i manskapet vart dressa opp i jakker frå Djupvik, og reportarane fekk vere med på dykketur ut til Runde, og Akerendam skatten.

 

Under ein fisketur med tyske turistar tok det fyr i eksorøret i styrhuset. Det hadde rusta hol i røret, og glovarm eksos lak ut inne i veggen bak mot bestikket. Halvard Falk  som var skipper om bord, fekk skuta inn til kai og fekk om bord brannvesenet. På grunn av den vanskelege leideren opp til styrhuset, valde han sjølv å klatre opp og sløkke, iført røykdykkar utstyr! Skuta vart reparert ved Larsnes Mek. med nytt eksosrør, og ny vegg bak mot bestikket.

 

 

 

Orkanen

I 1992 opplevde vestkysten av Norge, den mykje omtalte nyttårsorkanen. Nok en gong måtte Ullaholm tåle harde påkjenningar. Kaia i Ulsteinvik, har inga skjerming for sørvest vindretning, og uveret stod rett på kaia! Det vart anlått ei bølgehøgde på 3-4 meter langs kaia, og faste sjøen stod innover hekken. Fleire frå dykkarklubben var ute denne natta, og dei fekk starta opp maskina, og bakka mot veret. Harald P Saunes, kom også med ein taubåt og fekk sett opp ei ekstra fortøyning bak i kommune kaia. Takka vere stor innsats vart skuta nok ein gong berga, men fekk ei stygg skade på stybordside. Fenderlista i aluminium hadde huka seg på kaikanten og øverste bordet i huda var oppreve. Båten stod lenge på slippen på Notøy mekan, der bordet vart skifta og rekka reparert. På denne tida var det Svein Arne Røkke og Sigbjørn Kjøllesdal som var dei mest aktive om bord, med litt hjelp frå gamle karane i klubben.

 

Forfallet

Mot slutten av 90 tallet var det mange av ildskjelene frå starten som mista interressa for dykking, nye krefter kom inn, og dei hadde ikkje same eigeforholdet til båten som dei første hadde. Skuta vart meir og meir eit stort arbeidsmessig og økonomisk bryderi for klubben, og aktiviteten om bord vart mindre og mindre.

Skuta mista passasjersertifikatet, og det meste arbeidet om bord gjekk som nødvedlikehold for å holde skuta flytande.

Første juledag 1995 vart det slått full alarm! Eg var den tida aktiv i fridykkermiljøet, og var tilfeldigvis om bord ein tur for å sjekke tilstanden.

Synet som møtte meg var at maskina stod halveis under vatn! Eg fekk tilkalla Are Garshol, som også var aktiv på den tida, samt eit par av dei gamle eldskjelene. Vi fekk låne pumpe av Ødegård Rør, og Svein Hols frå brannvesene kom og hjalp til. Til slutt fekk vi vatnet ut og berga skuta for denne gong.

Maskinromet vart spylt ned, maskina og gearet fekk ny olje, og båten overlevde utan nemneverdige skader! Årsaka var at lensepumpa hadde stoppa, og når skuta begynte å ligge tyngre i sjøen, kom sjøen opp på delar av skroget som ikkje var trutna, og innsiget av vatn vart større og større. Ny lensepumpe vart montert, og nødpumpe på 220v med flottør vart innstallert.

 

Etter dette var min innsats om bord fråverande fram til 2004. Dykkarklubben holdt skuta gåande, med Jan Helge Dyngeland i spissen. Dei laga seg til ei enkel innreiing i lasteromet, og brukte skuta til dykking. Eg blei innleigd som skipper ved eit par høve.

 

I 2003 skjedde det fatale med skuta. Av ein eller annan grunn tok det fyr i akterlugaren seint ein kveld. Folk som stod på kaia la pluttselig merke til at det rauk frå båten, og etter ei stund såg dei flammar stikke fram! Brannvesenet rykte ut, og dei knuste ventilar, og brukte motorsag på dekk for å kome til å sløkke. Det har vore spekulert mykje i kva som kunne vore grunnen. Enten at brannen vart påsett, eller at der var ein feil ved det elektriske anlegget. Min teori er at flottøren på lensepumpa har hengt seg opp på rusk i lensebrønnen, slik at lensepumpa har stått å gått tørr so lenge at ho har teke fyr. Politiet henla saka, og forsikringspremia vart utbetalt til dykkerklubben, kr 350.000,-.

Heile akterlugaren vart utbrend, dette var redarlugaren om bord. Innreinga her var meir påkosta enn resten av båten. Skota var laga i mahognyfiner, med 3 køyar på kvar side, ei underkøy og to overkøyar. Framom desse var det ein buesofa i svart skinn, med eit bord i midten, som fylgde buen i akterkant, men var beint framme. Inni bordet vara det 3 store skuffer. Skuffer var det også under overkøyane. På kvar side i forkant av lugaren var det eit stort kleskap, og heilt akter var det eit skap, som også var inspeksjonsluke for rorstammen. Midt i lugaren, på maskinromskotet, var det ein liten vask, og ein haldar for pissepotta!

Eg har prøvd å laga ei skisse over korleis lugaren såg ut.

Maskinromsskotet vart delvis oppbrendt og oppunder dekk, og dekksbjelkar. Vidare gjekk røyk og varme opp i byssa, styrhuset og egnarhuset. Alt elektriskanlegg vart totalskada, men maskinromet skar klar!

 

Ullaholm Båtklubb

IF skadeforsikring tok over båten, og i lengre tid låg båten som eit vrak i Ulsteinvik sentrum. Skuta vart lagt ut på finn.no for salg til kr 50.000,- . Det kom inn to bud på båten, ein person i Trondheim baud 50.000 for båten, men Ullaholm Båtklubb gav meglaren tilbod om at vi kunne ta båten slik den låg og i den stand den var mot å dekke kostnadane til meglaren. Meglarhonoraret, straum, og innkjøp av 2 nye startbatteri kom på kr 37.000,- noko som også vart kjøpsprisen på båten.

Klausulen i kjøpekontrakta var at motoren skulle starte. Start kablane frå styrhustaket og ned i maskina var smelta, men vi løyste dei frå skotet, og drog dei frå kvarandre, og på den måten kunne vi sjekke at maskina gjekk ved bruk av dei gamle kablane.

10 januar tok vi båten ut på prøvetur. Maskina og manuellstyringa fungerte utmerket!

 

Ullaholm Båtklubb vart stifta, med Karl Johan Barstad, Tom Henrik Muggerud, Jan Helge Dyngeland, Jon Flø, Arnleif Kleven og Maritn McGowan som medlemmar.

 

Restaureringa

Båten vart teken ut til Ulstein Verft, de det vart teke om bord steamhøgtrykkvaskar, HD vask og slamsugar. Deretter starta vel det som er den største grisejobben til no om bord! Akterlugaren, byssa, egnarhuset og styrhuset blei spylt ned, og sot, trekol, og anna drit vart sugd opp frå skutebotnen. Vi arbeida på skift, og når dagen var omme var båten gullande rein, og alle vi, var groskitne!

 

Båten vart teken inn til sentrum igjen, og vi reiv ut 2 fulle kontainerar frå akterlugaren og styrhuset. Alle store verktøy vart tekne i bruk, motorsag, vinkelslipar, slegge og kubein!

Det var eit enormt arbeid å rive ned styrhuset og akterlugaren. Det nye aluminiumstyrhuset viste seg å berre vere bygd på utsida av det gamle trestyrhuset. Treverket i taket var veldig råteskada, og vi beslutta derfor å rive vekk alt saman. Dessverre var eindel av treverket sopass bra at det blei ein veldig omfattande jobb å få det vekk. Taket vart lekta oppatt, isolert og lagt på 70mm faspanel. Nytt instrumentpanel vart laga i firkantjern og kryssfiner,

For å finansiere dette arrangerte Ullaholm Båtklubb discotek på samfunnshuset og tjente 15.000,-. Dette var kjærkomne pengar i ei tid då vi var gode kundar hjå diverse inkassoselskap rundt om kring.

 

Fullt fokus vart sett på å få båten i opperativ drift igjen. Nye startkablar vart skaffa frå Ulstein Elektro, styrhuset vart bygd oppatt i panel og stål. Forlugaren vart fiksa opp, og vi bygde også ein dobbelt lugar der framme. Enormt med arbeid vart lagt ned iløpet av våren og sommaren 2004.

 

 

 

Den første turen

9 August 2004 var vi på vår første tur med båten. Turen gjekk til Borgarøya, der vi hadde teke på oss å bygge ei utescene for kommuna. Forutan meg sjølv, var Tomma, Henning, Arnleif, Maria. Mirjam og Kamilla med på turen. Dette skulle vise seg å verte eit vendepunkt i interessa for båten! Turen vart ein suksess, og vi kosa oss nesten i hel! Sidan der ikkje var noko serlig med fasilitetar om bord, måtte vi overnatte inne i hovudhuset. Men det var alikevel ein veldi flott tur, med grilling, bading å Tomma hadde med seg gitaren. Det har slått meg i ettertid at vi allereide den gongen måtte ha framstått som nokre kjekke kara, sidan mødrene utan noko særlige protestar sende døtrene sine ut på tur atme oss! Det vart knytte sterke band på denne turen, og jentene har vore me oss på mange turar seinare også!

Interessa for å jobbe på båten steig raskt, og planar og framtidsvisjonar vart laga. Vi ville bygge oppatt båten basert på material og fargar vi fann når vi reiv ned. All innreiing skulle vere i ståande faspanel, samme type som vi fann bak respatexen i styrhuset. Ellers skulle vi få om bord alle fasilitetar for å ka de komfortabelt om bord. Varme, ventilasjon, 220v straum, varmt og kaldt vatn, toalett, etc.

Folk kom stadig ned på kaia og ville vite kva vi holdt på med, og skuta låg der flott, og nymala. Ein av desse var Bård Emil Ødegård, som vart meir å meir gira og til slutt kom med i klubben på fulltid! Vi bestemte tidleg at Ullaholm Båtklubb skulle vere ein klubb det var vanskeleg å bli medlem av. Vi ville heller ha nokre få medlemmar som jobba å sto på, istaden for ein haug med medlemmar som berre ville vere med på tur, og gjer dei kjekke jobbane. Det gjekk derfor fleire år før den neste nye medlemmen kom til.

 

På tokt med NIVA

23 august sette vi båten på land på Vegsund Slip. Vi hadde fått ei kontrakt med Norsk Institutt for Vannforsking (NIVA) som skulle ta botnprøver utanfor alle verft og industriområder på Sunmøre. Dette gav oss økonomisk moglegheit til å gjere nokre store jobbar som stod i kø på båten. Slippsetting, nytt ladesystem, kartmaskin og ekkolodd, diverse oppgraderingar i maskina og ikkje minst, ein sinnsjuk aktivitet om bord med snekring av forlugar og styrhus.

Båten vart med eit nødskrik ferdig til den søndagen då NIVA kom om bord. Heilt på tampen vart vi overraska av av ein startmotor slutta å virke, og i hui og hast vart ein bytte motor henta på Vatne, og montert om bord, vi var i mål, og berre 4 timar forsinka iforhold til skjema. Meg sjølv, og Bård var med på mesteparten av turen, utanom nokre dagar då Ottar Vattøy vikarierte som skipper. Det vart ein spesiell tur, med NIVA folk som jobba og tok botnprøve og vi mannskapet som jobba for å halde båten i gong! Einaste problema vi hadde var stadige lekasjar på spylepumpa på dekk, denne gav vi til slutt heilt opp, og laga til ei provisorisk elektrisk spylepumpe, og ein av dagane då vi skulle over breisundet og til Ålesund, fekk vi problem med maskina. Fuelfiltera var fulle av skit, etter slingringa i breisundet, og vi klarte med eit naudskrik å få båten inntil kaia ved Sunnmøre Fiskeindustri. Folka frå NIVA gjekk i land, og tok taxi til hotellet, mens Arnleif kom ombord å hjelpte meg og Bård med å få skifta filter og draina tankar. Neste morgon var vi klare for innsats igjen! På tross av småproblema, so virka båten nesten knirkefritt heile veka vi var ute! Vi gjekk heilt frå Statt til Molde iløpet av denne veka, og klarte toktet 2 dagar før tida! Siste kvelden, då vi kom fram til Molde, bydde Aud og Sigurd fra NIVA på middag om bord, mens vi gjekk båten frå Vestnes til Molde laga dei svinesteik og desert, og når vi klappa til kai var ankerdrammen klar! Vi hadde eit kjekt måltid om bord, før dei to gjekk på hotellet, og kapteinen og chiefen gjekk i land og på Petrines Pizza. Kvelden vart lang og våt, og til slutt ville ikkje dørvaktene ha oss der meir, ikkje fekk vi gjer opp barrekninga vår heller. Men slik kunne vi ikkje ha de, Bård tok saka i eigne hender og ville gjere opp for seg. Eg blei beordra ned på båten å hente den største skiftenøkkelen vi hadde i maskina. Dom som eg var gjekk eg ned å henta den, utan å tenke på at planen var å likvidere byens dørvakter! Til alt hell hadde chiefen ombestemt seg når eg kom tilbake, med skiftenøkkelen… Morgonen etter starta med eit brak, då dei to fra NIVA kom om bord, og mannskapet våkna, tydeleg prega at gårsdagens strabaser. Men vi fekk i gang båten kjapt, og var klar for ein ny dag med vassprøver, før vi sette kursen for dei 50 mila heim til Ulsteinvik.

I ettertid hadde vi store problem med å få oppgjer frå NIVA, dei klaga på alt mulig, og prøvde tydlegvis å få redusert rekninga vår. Vi var forspeila ca 120.000,- for jobben, men fekk utbetalt 48.000,-  Dette førte oss ut i eit økonomisk uføre, og vi måtte gjere i stand ei gjeldsordning med Sparebanken Møre. Dette skulle vise seg å vere eit problem som vi sleit med i lang lang tid etterpå. Vi vurderte ved fleire høve å ytre enkel, og banal vold mot NIVA, ved for eksempel å reise til Oslo å stripe opp bilane deira og slike ting. Men vi besinna oss, og lot det heile passere, etter nokon epostar med harde ordelag.

 

Turane

I september hadde vi første overnattingstur om bord, denne gjekk til Ålesund, og på tross av svært spartanske forhold om bord, vart dette ein minnerik å flott tur!  Båten vart i stadig bedre stand, og vi bygde ein provisorisk lugar nede i lasterommet, for å få med meir folk, og fleire turar vart de utover våren og sommaren 2005. I Juli 2005 var vi på vår første Molde Jazz, noko som skulle vise seg å verte ein årleg tradisjon! Vi fekk ei utruleg oppmerksomheit overalt der vi for. Alle var interessert å sjå på denne flotte skuta som kom inn i havnene. Stadig fekk vi besøk av folk som hadde jobba om bord, hadde slekt som hadde jobba om bord, eller hadde andre minner om ”kviteskuta” fra Haramsøya.

 

Sesongen 2006 vart ein svært aktiv sesong for oss i Ullaholm Båtklubb! Dei nye lugarane og salongen i lasterommet tek form, og komforten om bord er blitt veldig mykje bedre. Vi var med på maritimedagar i Fosnavåg, Margarets Sommarfest på Giske, Ullafesten på Haramsøya og ikkje minst MoldeJazz! Maritimedagar 2006 gjekk føre seg i striregn, men takkavere partytelt på dekk og kjekke folk, vart det veldig kjekt både om bord og på land!

MoldeJazzen dette året kan vel reknast som då vi sette Ullagutta på Jazzkartet i Molde. Utallige påfunn og turnear dette året har vel gjort at MoldeJazz ikkje vert det same utan Ullaholm her etter. Dei ansatte på Dockside fekk gleda av å ha oss liggande på piren dette året, og vi fekk veldig veldig mykje nye og kjekke bekjentskapar i Molde.

Helga etter vi kom heim frå Molde fekk jentene om bord, Mirjam, Malin, Kamilla og Stine (Mystified) invitasjon til å vere med på den lukka sommarfesten til The Margareths på Giske. Vi vart inviterte med og reiste nordover med båten. Dette vart ein heilt ubeskriveleg artig fest, saman med heile VIP eliten frå norsk musikkliv! Dette var før denne årlege ”sommarfesten” vart open for publikum, og ca 100 personar kosa seg i fjøra på Giske, med musikk og sjømat. Heile festen var sponsa av Remmereit, som dei fleste i Ulstein kjenner til…

Dagen etter gjekk vi vidare til Haramsøya, og til det som vi nok kan kalle høgdepunktet i historia vår om bord i Ullaholm. Allereide på Lepsøyrevet høyrde vi ”Ullaholm, Ullaholm… ” på VHFen. Gammle redaren Magnus Tomren var ute i sjarken sin for å ynskje oss velkomne. Vi måtte gå æresrunde ut i Ullasundet, forbi der Ullaholm brukte å ligge i bøye, og forbi familiegarden til Tomren familia på Austnes. Vi fortøygde båten i fiskerihamna på Austnes, og ei taxi stod klar å venta på oss for å ta oss ut til Ullasundet, der den årlege Ullafesten heldt til.

Når vi steig ut av taxien vart vi møtte med ståande applaus! Alle på festen kom å skulle prate å røle, og utrykke si enusiasme over at vi tok vare på ”kviteskutå”. Ullafesten 2006 kan vel utan å overdrive omtalast som fantastisk! Knut Halvard Ulla, som har hjelpt oss mykje med å få tak i gamle bilde av båten og samla inn historikk, var den som inviterte oss oppfover, og introduserte oss for gamle redarane. Ulla er ei lita bygd på Haramsøya, heilt ute mot havet ved Ullasundet. Dei fleste husa er fråflytta, men plassen er veldig godt teken vare på, og husa vert brukte som sommarhus. Ullafesten er eit årleg arrangement der alle som stammar frå Ulla kjem ”heim” og møtest. Vi vart inviterte inn i husa til folk, fekk høyre gamle historier. Ungane som var der fekk si livs sommar oppleving, når Mirjam heldt dei våkne med Starwars krig heile natta!

Dagen etter tok vi med alle som hadde lyst ut på fjorden med båten, og Magnus Tomren stod til rors! Dette var ei veldig spesiell oppleving, både for oss og dei!

Vi fekk ei veldig annerkjenning fro arbeidet vi hadde gjort om bord, noko som var viktig for oss å høyre. Når folk som har hatt sitt liv å virke om bord i båten, før oss, er overvelda over å kome om bord igjen gjer dette eit sterkt inntrykk! Besøket knytte også gode kontakter med Tomren familia, spesielt Magnus Tomren og systra Bjørg Haram.

Vi reiste frå øya i gledesrus, og veldig motiverte for å fortsette restaureringsarbeidet om bord på Ullaholm!

I romjula i 2006 hadde vi de første av Ullaguttas tradisjonelle julebord. Dette hadde vi i leiligheta til Bård, og vi både åt og drakk og hadde det veldig kjekt! Chiefen holdt ein rørande tale, og Mirjam var ansvarleg for leikane. Dette julebordet har vart tradisjon og alle som har vore med på tur vert invitert.

 

Året 2007 vart på mange måtar ein repetisjon av suksessar. Ikkje det at året eller turane vart noko dårligare av den grunn. Vi var i Ørsta på Klypashow, på Haramsøya på båttreffet og sjølvsagt på Moldejazz.  For å kome med eit sitat frå Chiefen, frå dette året; ”Eg får ei slik ro når eg er ute med Ullaholm!” Vi har det veldig veldig kjekt på tur! Ein tur må nemnast, og det var turen til Sandsøya på Vassendgutane konsert. Dette gjekk som det må gå når Ullagutta og Vassendgutane møtest. Det meste eg fortel her er etter sistat frå dekksbasen, som er den einaste som huskar denne turen. Vi hadde også med oss Ingar Dimmen på denne turen, som belønning for mykje hardt arbeid om bord. Han viste oss blant anna at det var muleg å starte maskina frå styrhuset! Noko vi ikkje vil ambefale blir gjort fleire gongar.

 

I 2008 var vi ikkje på like mange turar som åra før, rett å slett på for lite tid, grunna alle andre prosjekta vi hadde rundt lystbåtmessa, trebåtfestivalen, og de å få båten klar til å gå på Molde Jazz.

Men det vart ein minnerik tur til Ørsta, for å sjå uteshowet til Klypa. Utan om denne var det Moldejazz som også dette året vart den store turen. Vi hadde stort sett full båt heile veka, og på det meste var det 16 personar som bodde om bord! Ei spennande erfaring, og ein test på kor mykje folk vi kan ha med på tur. Etter fleire veker med intens skruing, virka faktisk det tekniske om bord svært godt igjennom heile veka. På heimvegen derimot fekk vi store tekniske problem. Då vi skulle passere Flø, fekk vi mykje slingring og veret var ikkje det beste. Dette førde til stor belastning på båten, og mykje rasa overende og datt ned. Plutseleg ropar Bård frå styrhuset at han ikkje klarer å styre skuta. Han sveivar på rattet, og brukar joysticken utan at noko skjer!  Vi konstaterer at hydraulikkoljetanken på styringa er heilt tom, og prøver å fylle på ny olje, men denne berre forsvinn etter kort tid. Vi stoppar båten og startar å bakke utover mot havet, og vekk frå Fløfjøra. Vi prøver å kalle opp redningskøyta, og Florø Radio, utan å få kontakt. Det viser seg at PCen i bestikket har vore stripsa fast til ledninga for VHF antenne, og når PCen gjekk i golvet sleit den av ledninga til VHFen. Vi ringte derfor Florø Radio på mobil, og fekk vite at redningskøyta låg i Måløy, men at losbåten i Ålesund kunne rykke ut dersom det vart kritisk.

Vi starta ein intens jobb for å finne lekasjen, og alt av olje på båten vart tømt ned på styringa. På den måten klarte vi å styre skuta innover. 2 timar og 50-60 liter olje seinare, kunne vi klappe til kai i Ulsteinvik. Lekasjen vart funnen i ein kopar albue bak kjøleskapet i egnarhuset. Mulig har denne vore dårlig, slik at når vi monterte nytt avløp for vasken har dette røret starta å leke. Dette forklarer også at vi aldri fann oljen som lak, sidan all oljen gjekk ut igjennom dreneringa av egnarhuset. Når vi kom heim fekk Arnleif hjelp av to arbeidskameratar frå Dimo, til å legge opp heilt nye og rustfrie rør til styringa. Dette fører også til at vi kan få senka dørstokken til byssa, slik at denne vert enklare tilgjengeleg. No når Ullaholm ikkje lenger går ut i storhavet, er det ikkje nødvendig med denne høge dørstokken. Vi hadde også med oss leiaren for Hardanger Trebåtfestival på turen frå Molde. Ho fekk ei uforgløymeleg oppleving om bord i Ullaholm vil vi tru.

Vi vart spesielt inviterte til festivalen i Nordheimsund i Juni 2009, og målsettinga blei å få båten klar til denne langturen!

 

Trebåtfestivalen

Ullaholm Båtklubb hadde heilt frå starten av slete med dårleg økonomi. Sparebanken Møre måtte gå med på ei gjeldsordning, og vi var registrerte ved dei fleste inkassoselskapa i landet. Vi prøvde å finne kreative måtar å få inn pengar på. Sponsormarkedet var vanskeleg, fordi få såg nokon verdi av å støtte oss.

Til slutt kom vi opp med ideen om å lage Trebåtfestival i Ulsteinvik. Vi såg fleire plassar vi var kor enkelt ting var gjort for å trekke til seg folk. Spesielt gjorde besøket vårt på Maritime dagar i Fosnavågen, at vi tenkte, ”Dette må vel vi også klare”. Fleire av medlemmane i klubben har i mange år dreve med arrangement å konsertar og forskjellig, så kompetansen hadde vi.

17-19 august 2006 vart den første trebåtfestivalen arrangert. Vi fekk med nokre sponsorar, leigde eit stort telt, fekk skjenkeløyve, og hyra inn danseband. Ekstra flytebrygger vart også lagt ut. Vi fekk eit fantastisk ver, og det strauma på med besøkande! Festivalen overgjekk alt vi hadde forventa oss, og gav oss eit godt økonomisk resultat, som gjorde at vi hadde pengar til å halde kreditorane litt på avstand.

Vi arrangerte festival igjen i 2007, og då, på tross av eit forferdelig ver, klarte vi å dobble oss i forhold til 2006! Dette året fekk vi også besøk av Hardangerjekta Mathilde, noko som hjalp veldig på sjølvtilliten vår. I 2008 toppa vi festivalen på nytt, og greidde på nytt å dobble oss i forhold til 2007!

   

Lystbåtmessa

I Mai 2008 arrangerte vi lystbåtmesse, i samarbeid med XL Marin, dette vart også ein suksess. Vi hadde 29 båtar utstilde, og messa var vedlig godt besøk. For å kaste glans over arrangementet leigde vi inn glamour modellen Aylar Lie, og arrangerte moteshow saman med Blåhuset. Dette arrangementet hjalp ogspå veldig godt på økonomien til klubben.

 

Framtida

I jubileumsåret for Ullaholm Båtklubb i 2008, ser framtida for båten veldig bra ut. Gjennom mykje arbeid både om bord og med økonomien ser det ut til at skuta har greidd seg over kneiken, og framstår som i veldig god strand! Framleis er det litt opp og fram til ho er tilbake i den stand som Tomren brørne heldt ho i, men målet er innan rekkevidde. Det som står att er i hovudsak ferdigstilling av maskinrommet, ferdigstilling av elektrisk anlegg, med flytting av batteri og tavler. Installasjon av elektronikk og ferdigstilling av styrhus står også for tur. Framtida for trebåtfestivalen ser også veldig bra ut, ”alle” snakkar om for ein suksess dette er, og vi opplev av både sponsorar og folk som vil vere med å arrangere kjem til oss med stort engasjement!  Etter snart 20 år i Ulsteinvik, ser framtida til den erverdige skuta M/S Ullaholm, svært lys ut!

Det har vore ei ære, og ei minnerik tid å vere med å ta vare på ”kviteskuta” frå Haramsøya.

 

Av Karl Johan Barstad