Start     Historikk   Ullagutta  Fotogalleri   blogg      Kontakt

 

 

 

 

M/S ULLAHOLM har ei spennande historie!

M/S Ullaholm er ei klassisk Svenskeskøyte bygd i eik på eikespant. 

Tomren familia hadde også ei tidlegare skute med namnet "Ullaholm", og historia til denne skuta kan du lese [HER].

Opprinnelege mål frå byggeverftet:  LOA 20.84 meter, Breidde 5,75 meter,  
BRT: 64.40 NRT: 34.06 .  Kallesignal: LKHT

Båten vart levert i 1935 frå Ringens Båtvarv i Marstrand med navnet "GIPSY LOVE" til The Marstrand Fishing Co Ltd i Grimsby. Mest truleg eigde motorleverandøren  Bolinder-Munktell AB i Eskilstuna ein del eller heile rederiet, for 24 oktober 1938 sel Bolinder Co Ltd, London, båten til Felix Mally, Eskilstuna. Han sel den vidare den 5 november 1938 til partsrederiet Rickard Eliasson på Öckerö i Göteborgs nordre skjærgard for 35.000 kroner.

Båten hadde Svenskt reg.nr 8309. Den første motoren var en 100 hk Bolinder tennkulemotor, 1 cyl, 2-t, som blei bytta ut i 1939 mot en 150 hk Bolinder, 2 cyl, 2-t. Båten fekk svensk fiskeriregistrer nr: GG 63

Då andre verdenskrig braut ut vart båten overteke av den tyske krigsmarine ved Nordmeer Studien- & Reederei Gesellschaft i Leipzig og omdøpt til ”Zenit”.  Båten blei overført i 1945 til kontoret for fiendtleg eigedom i Oslo og i 1948 overtatt av Sjødirektoratets avviklingskontor. 

I 1949 blei båten solgt til Johan og Georg Hansen i Åkrehamn og omdøpt til ”Spannholm” R-376-A.  Båten fekk då sett inn ein 180 hk Alpha motor. I desember 1950 kjøpte Tomren-karene båten, og avløste den forrige ”Ullaholm”.  I 1960 var eigarforholda slik:  Petter Tomren (4/5) og Hans Tomren (1/5).  I 1969 eigde Magnus og Hans Tomren ”Ullaholm” ilag. I 1972 fekk båten ei betydelig oppgradering, ny Caterpillar maskin med 425 HK blei installert og nytt overbygg i aluminium vart sett på.  

Båten blei kondemnert i 1989, men erklært verneverdig og overtatt av Ishavsmuseet Aarvak, Ulstein og Hareid Dykkerklubb stod for drift, og vedlikehold av båten.Vinteren 2002 ble skuta skada i ein brann i akterlugaren med påfølgande sot og røykskadar i maskinrom, bysse og styrhus. Forsikringan blei utbetalt til Ulstein Og Hareid Dykkerklubb.

Ullaholm Båtklubb kjøpte skuta frå forsikringselskapet med tanke på å restaurere skuta og ta vare på den for framtida. Ullaholm Båtklubb har no gjort eit omfattande restaureringsarbeid, og båten er i stadig bruk på klubbturer langs kysten.

 

 Bilder

Sannsynligvis det eldste bildet som eksisterar av Ullaholm. I følge Magnus Tomren var dette akkurat då dei kjøpte båten. Det vil sei rundt 1950. Båten var på biletet på vei opp for slippsetting, på ett eller anna verksted. I følge Tomren kan ein sjå alderen på bildet ved at skorsteinen på taket gjekk på skrå, noko som blei forandra raskt etter dei kjøpte Ullaholm. Ein kan også sjå at båten har shelterdekk på styrbord side, som seinare blei teke vekk.

 Dette bildet har ei spesiell historie, fiskebåten Bakken frå Molde blei plutselig rent i senk av ein skotsk trålar på fiskefeltet. Båten begynte å sekke. Heldigvis kom Ullaholm til unnsetning, redda mannskapet og fekk dei ombord i Ullaholm.

 

Ullaholm fullasta!

 

 

Ullaholm ved Borgarøya jonsokafta 1993, båten hadde for anledninga passasjersertifikat for 50, og gjekk heile kvelden i skytteltrafikk mellom Borgarøya og Ulsteinvik. Dykkerklubben og Seilforeninga samarbeida om arrangementet, som blei en kjempe suksess! (Foto: Bjørn Rise)

 

 

 

Utdrag frå Sveriges Skipslist 1941.

 

 

 

 

 

Meir historie om Ullaholm, lokalhistorie og andre fartøy frå Haramsøya finn du på www.ullanett.comVi vil rette ei stor takk til Knut Hallvard Ulla for god hjelp med å samle historier og bilder.

 

 

Motorane

 

Bolinder 1 cyl 100 hk 1935 - 1939

 

 

 

 

Historien om Bolinders startet så tidlig som 1844, da brødrene Jean og Carl-Gerhard Bolinder startet sitt mekaniske verksted.Navnet ble J & CG Bolinders Mekaniska Verkstad AB. Verkstedet låg på Kungsholmen utenfor Stockholm.

Bolindermotorene fikk en rask lederstilling i fiske- og fangstflåten i Nord-Norge. Fra 1910 var det montert glødehodemotoreri en rekke ishavsskuter i Nord-Norge. Første tida var disse motorene i størrelse på 10- 25 hk og hadde preg av å være fremdriftshjelp i fartøy som fremdeles hadde seil som hovedfremdrift.

 

Bolinders tidligste "E" motorproduksjon var i hovedsak av følgende type/størrelse:
• Fra 5hk til 80hk en-sylinder motorer
• Fra 10hk til 160hk to-sylinder motorer
• Fra 80hk til 320hk 4-sylindermotorer. Disse store motorene var senere produsert i en 2-sylindret versjon opptil 80hk . De store 4-sylinder motoren var i hovedsak beregnet for fiskebåter etc. 
Større motorer var senere produsert i en "M" versjon.

I 1933 skjedde en oppdeling av selskapet. Bolinders verkstadsavdeling ble slått sammen med Munktells Mekaniska i Eskilstuna (grunnlagt 1832 av Johan Munktell som bygger det første lokomotivet i Sverige) og får navnet AB Bolinder-Munktell. Resten av salskapets virksomhet fortsatte i Kallhäll under namnet Bolinders Fabriks AB. Senere inngikk selskapet i AB Elektroskandia som tilslutt inngikk i Svenska Maskinverken i Södertälje.

 

 

 

Bolinder 2 cyl 150 hk  1939 - 1949

 

 

 

 

B&W Alpha 403v 180 hk 1949 - 1972

Bilde av ein tilsvarande motor.

 

Bilde frå Reklame katalog frå 50 talet.

(Takk for hjelpa med motorbilder til Rune Thistel)

 

 

Caterpillar D 353 450 hk 1972 ->

 

Då båten vart ombygd til trålar,  viste seg at Alpha maskina var alt for lita. Det vart derfor sett inn ein moderne hurtiggåande Caterpillar motor på 450 hk.

Denne motoren står fortsatt i båten, og er i beste velgående!

 

 

 

 

 

 

 

Ringens Båtvarv

 

 Etabl. 1887

  

Det har vore dreve verftsvirksomheit på Ringens Varv sidan skipsbyggarmester August Andersson saman med faren, Peter Anderson, på tomt fire i kvarteret Ringen i Marstrand bygde eit bostadshus år 1887. Her byrja August Andersson å bygge båtar på gårdsplassen. I starten dreiv båtbyggeriet i liten skala og det var hovudsaklig opne eller halvdekka farkoster som blei bygde. I begynnelsen av 1900-talet begynte verftet å bygge større dekka fiskefartøy. I starten var dei klinkbyggde men i forbindelse med at båtane fekk motor, gjekk dei over til å bygge kravellbygde båtar. Den førsta kravellbygde båten frå Ringens Varv vart sjøsett i 1906.

 

1924 tok Augusts tre søner; Patrik, Alfred og Karl, over etter sin far. Under deira tid ved verftet, utvida dei området ytterligare gjennom ei fylling langs den vestre strandlinja. Dette gjorde det mulig å bygge to 50-55 fots fiskebåtar samtidig. Ved slutten av 1930-talet jobba 12-15 mann ved verftet og dei produserte ca 6-7 båtar per år. Vidare moderniserte dei verkstaden og dei  bygde ut maskinparken med bandsag og høvel. Seinare, i samband med store bestillingar av fiskefartøy frå Island i slutten av andra verdenskrig, kjøpte dei inn elektriske handverktøy slikt som bôremaskiner og elektriske handhøvlar.                                                                 

 

1944 blei Ringens Varv medlem av  foreinga "Sveriges Mindre Varv". Etter eit krav frå kundar frå Island vart det hausten 1944 oppført ein skroghall på 15x13 meter. Hallen vart teikna av arkitekt SAR Anders Funkquist i Göteborg og oppført av "Konrad Dahlströms byggnadsfirma" i Marstrand, under ledelse av Jean Dahlström som i 1950 kjøpte verftet sammen med Ingvar Andersson. 1950-60 talet var ei hektisk periode med mange nybygg. 1965 opphørte det meste av nybygginga av fiskefartøy og virksomheita gjekk over til reperasjonar.

 

I 1973 vart verftet selt til Volvo Penta som reiv ned samtlige bygningar på området og bygde opp ett nytt verft med bygningar tilpassa fritidsbåtar. Under størsta delen av 80- og 90-talet var verftet eigd av Karin og Uno Larsson med søner. Sidan 2001 har verftet vore eigd og dreve av Peter og Pernilla Lind. Idag er Ringens Varv eit reint reparasjonsverft for fritidsbåtar. (Kilde: www.ringensvarv.se)

 

På fotogalleriet kan du sjå mange flotte bilde fra Chiefen Bård sitt besøk i Marstrand sommaren 2010.

 

 

 

© Ullaholm Båtklubb 2006